Nesch-museet


Ynskjer du å sjå kunst av den tysk-norske grafikaren Rolf Nesch er du velkomen til til Ål kulturhus.
Her har me verdas største, permanente, offentlege utstilling av kunsten til Nesch.
I museet, som opna i 1993, kan du sjå både teikningar, måleri, grafikk, skulpturar og materialbilete og lære meir om denne fantastiske, verdskjende kunstnaren.


NB! Frå 24. september er Nesch-museet stengt ein periode grunna ombygging. Nyopning så snart som mogleg, men dato er ikkje bestemt.
From September 24th, the Nesch-museum is unfortunately closed for a period of time because of a major rebuilding of the culture house. It will reopen as soon as possible, but a specific date is not set.









                                    


Opningstider
Nesch-museet er ope heile året måndag-fredag kl. 11:00-16:00.
Billettar kan du kjøpe i billettskranken på Ål kulturhus.
Det er også mogleg å sjå Nesch-museet på kveldstid og i helger når skranken er betjent i samband med kino og kulturarrangement.


Me har omvising med guide for grupper heile året etter avtale. 
Ta kontakt på tlf 32 08 51 00.



Prisar:

Vaksne: kr 45,-
Born under 16 år: gratis
Grupper (frå 10 pers): kr 35,- pr. person



Salsvarer:
Plakatar: kr 160,-
Bøker: frå kr. 60,-
T-skjorter: kr 200,-
Litografiet «Dans på brygga» frå 1948: kr. 1500,- (u/ramme)
Alle salsvarer kan kjøpast i billettskranken på Ål kulturhus. Ta kontakt for full oversikt.

 



Om Rolf Nesch  

Rolf (Emil Rudolf) Nesch var ein tysk-norsk skulptør og grafikar.
Han vart fødd i 1893 i Ober-Esslingen, Württemberg i Tyskland.
Då han i 1933 flykta frå nazi-Tyskland og deira negative kunstnarsyn,
var han allereie ein høgt respektert kunstnar i heimlandet

Valet for nytt heimland fall på Noreg. Eit land som hadde fostra ein så dyktig
kunstnar som Edvard Munch måtte vere eit godt land å bu i, meinte Nesch.
Den fyrste perioden i Noreg vart likevel svært vanskeleg for den tyske kunstnaren,
men etter nokre år i fattige kår betra situasjonen seg. Rolf Nesch vart etterkvart
ein kjend kunstnar som fekk stor innverknad på den yngre generasjonen kunstnarar
her i landet. Han er internasjonalt kjend som ein av dei store fornyarane innan grafikken,
med metodar som gjennometsing og metallgrafikk.

Nesch hadde ein enormt stor produksjon som omfattar både grafikk, materialbilete,
måleri, skulptur og teikningar. Han er særleg kjent for å lage grafikkseriar med
fleire motiv av same tema. Døme på dette er seriane St. Pauli, Hamburger Brücken,
Karl Muck og hans orkester, SneLofoten, Å svømme og Å fly.
Elles er det store materialbiletet Sildefiske kjent. Dette heng i Indekshuset (Industrien- og eksportens hus) på Solli plass i Oslo.

I 1950 gifta Nesch seg med skodespelarinna Ragnhild Hald og kjøpte året etter garden
Rud i Ål. Han døypte garden om til Ragnhildrud, og her budde og arbeidde han
resten av livet sitt. Rolf Nesch døydde i 1975.


"Rolf Nesch, Aal - er hele adressen nå" 
Eit portrett av Rolf Nesch v/ Haagen Ringnes. Kulturoperatørene, NRK 1994