Storesalen


har 350 plassar og er ein amfisal med scene og orkestergrav.

Salen blir nytta som kinosal i tillegg til kulturarrangement og seminar/foredrag.

Leige av salen inkluderer bruk av garderobar, projektor, lysrigg og lydutstyr som er tilgjengeleg på huset.

 

 

Veslesalen


har opptil 90 plassar og er ein sal med fast amfi og utan scene.
Salen er mest brukt som kinosal og konferansesal, men blir også brukt som konsertsal.

 

Leige av salen inkluderer projektor, lysrigg og lydutstyr som er tilgjengeleg på huset.

 


Galleri Syningen


er eit kunstgalleri med skiftande utstillingar.
Galleriet blir òg brukt som festsal, konsertsal og møterom. 

I Galleri Syningen er det plass til om lag 80-100 personar.
Lokalet kan bli sett opp med bord/stolar og evt. projektor ved behov. 

Leige av galleriet inkluderer projektor, opp- og nedrigg av stolar og bord. 

For anna behov må det gjerast avtaler i kvart enkelt tilfelle.

 


Trugeholu


er eit særprega areal under amfisalane med spesiell atmosfære og akustikk.
Trugeholu er særleg godt eigna til kammerkonsertar og små teaterframsyningar. 

I Trugeholu er det plass til om lag 70 personar.

Leige av rommet kan inkludere projektor, opp- og nedrigg av stolar og bord.





 

Nesch-museet


er eit galleri med verdas største samling av verk av kunstnaren Rolf Nesch.

Museet kan i enkelte høve også bli nytta i samband med konsertar, kurs/seminar og liknande. 

I Nesch-museet er det plass til om lag 40 personar.

Lokalet kan bli sett opp med bord/stolar og evt. projektor ved behov.

Leige av rommet kan inkludere projektor, opp- og nedrigg av stolar og bord.





 

Stugu


har ei unik rosemålingsutstilling i eit rom som fungerer svært godt som møtelokale for opptil 12 personar.

Leige av rommet kan inkludere projektor.





 

Dyna

er eit møterom med audiovisuelt utstyr og høve til data-tilkopling.
Har plass til opptil 12 personar.