Leigevilkår

På Ål kulturhus kan du leige møterom, kjøkkenfasilitetar og/eller salar.
Ta kontakt på epost: aal.kulturhus@hallingnett.no eller telefon 32 08 51 00 for eit uforpliktande tilbod.

Billettar

Ål kulturhus står for alt billettsal gjennom til ei kvar tid gjeldande billettsystem, og tek billettavgift per selde billett.
Leiga blir trekt frå billettinntektene i samband med oppgjeret. Eventuelt underskot blir fakturert leigetakar.
Ål kulturhus har høve til å ta ut inntil 10 fribillettar ved alle arrangement uavhengig av leigevilkår. Ål kulturhus er med i ordninga som omfattar ledsagaravtale. Ved framlegging av ledsagarbevis har ledsagar krav på fribillett.

Forsikring

Kulturhuset si ansvarsforsikring gjeld overfor artistar og publikum ved tilhøve som kan lastast Ål kulturhus.

Flygel/piano

Ved bruk av husets flygel må leigetakar dekkje kostnadar knytt til leige og stemming, kr. 3.000,- per dag.

Leigetakar pliktar

Leigetakar pliktar seg til å forlate lokala, samt alt tilbehøyr, i same stand som ved ankomst. Leigetakaren pliktar å erstatte all skade som er skjedd i utleigeperioden - utover normal slitasje. Leigetakar er inneforstått med at kulturhuset straks utfører utbetringar av eventuelle skader, og at desse blir kosta av leigetakar.

Leigetakar ber sjølv ansvar for utstyr, rekvisittar og gjenstandar som dei sjølve eller publikum tek med seg til kulturhuset.

Leigetakar kan berre  nytte lokala til kontraktfesta arrangement.

Leigetakar pliktar å setje seg inn i gjeldande lovverk for nogjeldande type arrangement. Leigetakar må sjølv innhente dei nødvendige løyver frå myndigheiter, så som politiløyver og løyver  frå brannvesenet ved bruk av pyrotekniske verkemiddel. Vidare svarar leigetakar sjølv for alle opphavsrettslege tilhøve - og betalar TONO-avgift, avgift for bruk av innspelt lyd til Fond for utøvande kunstnarar, osb.

Av tryggingsgrunnar pliktar leigetakar å stille med eit nødvendig antal vaktar under arrangementet. Vaktane skal vere kjent med forpliktingane til leigetakar, og bidra til at desse blir haldne. Vaktane er ansvarlege for kontroll av billettar i døra inn til salen, og  for opprydding og tømming av søppel etter arrangement. Leigetakar sørgjer sjølv for marknadsføring av eige arrangement. Ved annonsering i pressa skal logoen til Ål kulturhus bli brukt.

Servering

Mat og drikke som blir servert inne på Ål kulturhus skal kjøpast gjennom kultushuset sine gjeldande serveringsavtaler dersom ikkje anna er avtalt på førehand.

Kansellering

Ved avlysing eller kansellering  av kontraktfesta arrangement blir det fakturert eit avbestillingsgebyr etter følgjande satsar:
Inntil 8 veker før arrangement: 25% av leigesum
Mindre enn 8 veker før arrangement: 50% av leigesum
Mindre enn 5 veker før arrangement: 100% av leigesum
Mindre enn 3 veker før arrangement: 100% av leigesum, personell og teknisk utstyr.

Force Majeure

Ved ekstraordinære, upårekna hendingar som er utanfor kontroll for begge partar, som ikkje kan bli endra og som etter Norsk lov inngår under force majeure, er partane fritekne frå å oppfylle sine plikter i samsvar med denne kontrakta.