Ål Kulturhus - staden for gode opplevingar

Om rosemåling


Rose - noko som er vakkert

Ordet rosemåling har si rot i norske dialektar og tyder rett og slett dekorativ måling - prydmåling. Berre i overført tyding har det noko med blomenamnet rose å gjera. Opphavleg var ordet ein fellesnemnar for all dekorativ måling, ikkje berre ornamentikken ("rosene"), men òg bilete, figurmotiv, geometriske motiv, marmorering med meir. Ornamentikken utgjer likevel den viktigaste delen, og det var her bygdekunsten hadde sin styrke.

                       



Frihandsdekor

Element frå ulike stilepokar blir brukte side om side, ofte omskapte etter målarens smak og fantasi.
Dermed oppstod ein spontan og ukonvensjonell uttrykksmåte som gjev bygdekunsten særeigne verdiar.
Kvaliteten kan variere sterkt, men det personlege uttrykket er eit viktig kriterium i all kunstnarleg utfalding.



Europeiske impulsar

Rosemålinga er ikkje noko særnorsk fenomen. Kunstgreina byggjer på
dei europeiske stilartane slik desse kom til uttrykk i kyrkjekunsten og byhandverket.
Det er ei blanding av renessanse, blomebarokk, akantusbarokk, rokokko og nyklassisisme for å nemne dei viktigaste. Desse motestilane endra seg på vegen frå Mellom-Europa til norske byar, og dei endra seg mykje meir etter at dei nådde ut til bygdekunsten. Medan bymålaren var opplært til streng kopiering etter mønstertrykk, sto bygdemålaren i eit fritt og uhøgtideleg tilhøve til sine førebilete i kyrkjekunst, fajanse, omnsplater og skillingstrykk. Slavisk kopiering ser ein så godt som aldri.