Utstilling no
4. september - 23. september 2010:
Gunvor Nervold Antonsen
Espen Gudevold
Måleri, tekstil

Måleri, og spray på papir og tekstil i Galleri Syningen
Utstillinga X-tension syner ulike innfallsvinklar til begrepet boksavbasert biletkunst.
Dette er ei utstilling av måleri, skulptur og teikning, i tillegg til papir og tekstilcollagar,
alle med fokus på bokstavar og ord.
Kunstnarane gjekk samstundes ved Kunsthøgskulen i Berge (ferdige i 2000 og 2001),
og dei har lenge planlagt eit utstillingssamarbeid der dei individuelle verka med tekst og bokstavuttrykk foreinast. Målet er å etablere eit visuelt, taktilt og fysisk møte med det skriftlege.
Espen Gudevold areider med teikning og måleri der komposisjon og visuelle
problemstillingar med referanser til graffitikulturen og samfunnets forståelse av graffitien
er i fokus. Bokstavar og typografi er hovudelement i bileta hans, der graffitibakgrunnen
hans møter meir klassiske akademiske måleriske problemstillingar.
Gunvor Nervold Antonsen arbeider med måleri og tekstil, i collagar som visuelt refererer
til dagens biletmessige urolege kvardag der me blir bombardert med tekst og bilete som me prøvar å tyde og danne ein heilheit utav. Arbeida er bygd opp med tekst og biletfragment, der typografien og potensiale i teksten som motiv blir prøvd ut, saman med grensegangar mellom det lesbare og det dekorative teikn.
Utstillinga er open når kulturhusskranken er open:
Måndag-fredag kl. 08-16 og laurdag kl. 12-14.
I tillegg på kveldstid når det er kino eller andre arrangement.
NB! Enkelte få gonger er galleriet stengt grunna møte e.l.
