Billettinfo

Billettar kan du kjøpe via heimesida vår, facebooksida vår, på mobil med appen eBillett eller i skranken på kulturhuset.

Er det problem knytt til kjøpet ditt på eBillett kan du sende ein mail til post@ebillett.no med info om når du kjøpte billettane, pluss dei fire siste sifra i kortnummeret.

Me tilrår å registrere ein profil ved kjøp. Då vil ein alltid kunne logge seg på og finne billettane sine.

NB! Kjøpte billettar blir ikkje refundert.

Ål kulturhus godtek ledsagerbevis.

For rullestolplassar, kontakt kulturhuset i god tid.

Billettskranke og kiosk er open for kjøp/tinging av billettar:

  • Måndag og tysdag: kl. 11.00 - 16.00.
  • Onsdag, torsdag, fredag: kl 11.00 til ca 20.00.
  • Laurdag: kl 15.30 til ca 20.00.
  • Sundag: kl 16.00 til ca 20.00.

I helger og på kveldstid har me ope i samband med kino og arrangement.
Då er billettskranken open fram til siste kino/arrangement startar.

Du kan også kjøpe billettar her på nettsida vår, eller direkte i appen eBillett.

 

Ekstrastolar
Desse blir opna for salg når dei "vanlege" billettane snart er utselde.
NB! Ekstrastolane er IKKJE nummererte. Viss du har ein billett på ekstrastol (E) kan du ta den av ekstrastolane du vil. Altså "fyrstemann til mølla".
I Storesalen står ekstrastolane i trappetrinna nedover på kvar side av salen.
I Veslesalen står dei fleste ekstrastolane heilt bakerst i salen.