Billettar til små barn

På Ål kulturhus har me eit visst antal plassar i salen, og med tanke på sikkerheit er det slik at me må ha full kontroll på kor mange som befinn seg inne i salen til ei kvar tid. Difor må du også kjøpe billett til barnet ditt.

Det er de som foreldre som må avgjere om barnet er modent nok til å vere med på forestillinga. Mange barn kan bli redde av høg lyd og mørk sal. Kanskje kan det vere betre å vente eit år, og heller gje poden ei betre fyrstegongsoppleving av musikk og teater? Ein bør også tenkje over hensynet til andre publikummarar i salen.

På barneforestillingar brukar me å tilrå at barnet er ca 3 år før det blir med på ei heil forestilling.
Sjå elles informasjon under kvar enkelt barneforestilling.