Aldersgrenser på kino

I Noreg er det Medietilsynet som set aldersgrensene på film som blir vist på kino.
Følgjande aldersgrenser gjeld for filmar vist på kino:


-Alle (tillatt for alle)

-6 år (barn ned til 3 år i følgje med føresatte)
-9 år (barn ned til 6 år i følgje med føresatte)
-12 år (barn ned til 9 år i følgje med føresatte)
-15 år (unge ned til 12 år i følgje med føresatte)
-18 år (absolutt nedre grense)


Aldersgrensene er juridisk bindande og kinoane eller andre som viser filmen må følgje desse.
Viss barnet er i følgje med vaksne, kan barn inntil tre år yngre enn aldersgrensa vere med.
Dette gjeld ikkje 18-årsgrensa, som er absolutt.

Medietilsynet kan ikkje forby filmar for visning. Filmar som ikkje er vurdert kan bli satt opp på kino
under føresetnad av at dei blir vist med 18-årsgrense.
Kinoen og distributøren er strafferettsleg ansvarleg for innhaldet.




Sjå meir om aldersgrenser hjå: Medietilsynet