Ål Kulturhus - staden for gode opplevingar

Pris/aldersgrense

 
Prisar på kino

Vaksne (f.o.m 15 år) kr. 75,-         
Barn (t.o.m 11 år) kr. 50,-  
Ungdom
(12-14 år) kr. 60,-
Honnør kr. 55,-
Rabatthefte kr. 65,-


NB! Kr. 85,- for alle på premierehelg.

Det er også mogleg å bruke rabatthefte (65,-) på premierer.
Ungdom med kulturkortet betalar kr. 50,- pr. kinoforestilling,
også på premierer.

 

 

Aldersgrenser på kino

I Norge er det Medietilsynet som set aldersgrensene på film som blir vist på kino.
Følgjande aldersgrenser gjeld for filmar vist på kino:


-Alle (tillatt for alle)

-7 år (barn ned til 4 år i følgje med føresatte)
-11 år (barn ned til 8 år i følgje med føresatte)
-15 år (unge ned til 12 år i følgje med føresatte)
-18 år (absolutt nedre grense)


Aldersgrensene er juridisk bindande og kinoane eller andre som viser filmen må følgje desse.
Viss barnet er i følgje med vaksne, kan barn inntil tre år yngre enn aldersgrensa få bli med.

Dette gjeld ikkje 18-årsgrensa, som er absolutt.
Medietilsynet kan ikkje forby filmar for visning. Filmar som ikkje er vurdert kan bli satt opp på kino
under forutsetning av at dei blir vist med 18-årsgrense. Kinoen og distributøren er strafferettsleg ansvarleg for innhaldet.


Fråråding

Av og til fråråder Medietilsynet foreldre å ta med seg barn under aldersgrensa på ein film. Ei fråråding er meint som ei ekstra rettleiing til foreldre/føresatte om å vere særleg på vakt i forhold til innhald og verkemiddel i filmen. Dersom Medietilsynet fråråder foreldre til å ha med seg barn under aldersgrensa på kino finn du dette i filmomtalen.


Kven er filmen tilrådd

Eignaheit må ikkje bli forveksla med aldersgrensene. Medan aldersgrensene er knytt til ei skadelegheitsvurdering,
handlar tilråding om kven filmen høver for.


Sjå meir om aldersgrenser hjå: Medietilsynet